Hamla Grand Prix + Kompisstafett = Moro

RANKING 2006, SAMNANGER: Hamla GP og Kompisstafetten går i år frå skytebana i Gaupholmsmarka 20-21 mai. Terrenget i år er nok nytt for dei fleste løparane sidan det er bortimot 20 år sidan sist det var kretsløp her. Det nye kartet strekkjer seg frå Holmane der Hamla og Kompis har vore arrangert dei to siste åra, ned til Tysse sentrum og ca. 2 km vidare langs vegen mot Fusa. Terrenget er stort sett dekka av kartet "Smådalen" frå 1979. Terrenget ligg mellom 150 og 400 m.o.h, og er storkupert og myrlendt terrenget med lettløpt botn. Det er nokre skogsvegar, traktorslep og hogstflater.
Av JAN KOCBACH


Medaljevinnerne fra H13-15 på lørdagens KM sprint blir nok jokere når Kompisstafetten avgjøres førstkommende søndag (Bilde: Fana Orientering hjemmeside)
Kart, samlingsplass og start
Samlingsplass er lagt til Tysse skyttarlag og Samnanger jeger & fisk si skytebane i Gaupholmsmarka, ei bane som er blant dei beste skytebanene på våre kantar av landet. Med samlingsplass på skytebana det gode fasiliteter for løparar og arrangørar og fast og tørt underlag. Det er knapt med parkering i området, og me oppfordrar løparane til å fylle opp bilane.

Samlingsplass er ca 3 km frå Tysse i retning Fusa. Merka frå R7 ved Straumen bru, og på R48 ved avkjørsel til skytebana. Inntil 1000m å gå langs veg frå parkering til samlingsplass. Barnevogn mogeleg på samlingsplass.

Løypeleggjar Bjarne Hauge lovar krevjande løyper laurdag og korte løyper med publikumspost for dei fleste etappar på stafetten.

Velkomne til Samnanger og nytt kart og terreng!

Påmelding
Påmelding må væra motteke seinast torsdag 18 mai 2006 kl. 20:00. Påmelding gjøres helst på nett:

Eventult til: Samnanger IL, O-gruppa v/Ole Lauvskar, Skiftedalsvegen 25, 5353 Straume, e-post: ollauvsk@online.no

Innbydelse
Du finner innbydelsen her.